LEDIG STILLING:

Gravplassarbeidar

Søknadsfrist: 18. april

Velkomen til å søkje arbeid i ei nyoppretta prosjektstilling med varierte arbeidsoppgåver og i eit godt arbeidsmiljø – der fokuset vårt er å m.a. å yte god service ovanfor andre menneske. Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ansvar for drifta og vedlikehaldet av alle dei 13 gravplassane og 7 kyrkjebygga i kommunen.

Dette gir varierte oppgåver frå stell/drift av grøntanlegg, anlegg elles knytt til gravplassane, kyrkjetenarfunksjon ved gudstenester og kyrkjelege handlingar knytt til Os sokn.

Driftsavdelinga vert leia av driftsleiar og vil med den nye tilsette utgjere 7 personar fordelt på 6,65 årsverk. Som følgje av auka arbeidsoppgåver dei komande åra vert det no oppretta ei prosjektstilling i driftsavdelinga.

Varigheit: 3 år.
Søknadsfrist: 18.04.2021
Arbeidsgivar: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Os
Stillingstittel: Gravplassarbeidar i 100% prosjektstilling
Stillingar: 1
Heiltid
Tilsetjingsform: Engasjement Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4367661210


Arbeidsoppgåver

I samband med etterslep av oppgåver, utbyggingsoppgåver og endra organisering vil prosjektstillinga m.a. omfatte: Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar. Dette inneber t.d. vedlikehald av grøntanlegg og bygningar, reinhald og ulike vaktmeistertenester Gi god service til brukarane av gravplassane Praktisk tilrettelegging, gjennomføring og oppfølging av gravferder og urnenedsetjingar Praktiske oppgåver i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar, konserter og andre arrangement i kyrkjelyden sin regi og ved utleige av kyrkjene.

Vi ønsker oss søkjarar med:

Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid Praktiske ferdigheiter og som arbeider nøyaktig og forsvarleg Bygg- eller grøntfagleg utdanning (fagbrev) og/eller erfaring innanfor begge/ei av desse felta Søkjaren må være i ein fysisk form som gjer vedkommande i stand til å utføre dei arbeidsoppgåvene som er nemnt i utlysinga, samt kunne arbeide utandørs store deler av arbeidstida Evne til å samarbeide, jobbe sjølvstendig og «ha auge for kva som må gjerast» Det vert stilt krav om førarkort klasse B og søkjar må kunne disponere eigen bil i tenesta Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ei variert og utfordrande stilling der ingen dagar er like Godt arbeidsmiljø i samarbeid med tilsette og frivillige Løn etter avtale innanfor rammene av avtaleverket for kyrkjeleg sektor (KA sitt avtaleområde) Pensjonsordning i KLP Det må påreknast noko helge- og kveldsarbeid i samband med kyrkjetenaroppgåver.

Søkjer må være medlem av Den norske kyrkja. Oppmøtestaden for den som vert tilsett er i Os, men ein må rekne med å ha arbeidsoppåver i heile Bjørnafjorden kommune.

Kontaktinformasjon: Kyrkjeverje, Kristine Fjeld, telefon 414 26 859