Gravplassen tek imot utan å stille spørsmål

Refleksjonar over boka Heaven and hell av Bart. D Ehrman (Oneworld, 2020).

Publisert

Martin Hill Oppegaard jobbar i Barne- og familiedepartementet. Han skriv her som privatperson.

Førestillingane om himmel og helvete

Undertittelen på Ehrmans bok er A history of the Afterlife. Forfattaren gjennomgår skriftlege og biletlege vitnesbyrd om førestillingar om himmel («evig liv») og helvete («evig pine») frå dei første skriftlege kjeldene, gjennom Bibelens ulike bøker til kyrkjeleiarar og filosofar i århundra etter Kristus. Ehrmans hovudpoeng er at førestillingane om varig pine etter døden har svak bibelsk forankring (korkje i GT eller NT), men er basert på andre tradisjonar (apokalyptiske tekstar) og filosofar (greske). (Eg går ikkje inn på desse teologiske spørsmåla her.) Då det viste seg at Jesu ikkje kom att så raskt som apostlane og Paulus hadde sett føre seg, meiner Ehrman at førestillingane om himmel og helvete blei tekne i bruk for å forklare kva som skjer når truande i generasjon etter generasjon (likevel) døyr. Desse førestillingane har innanfor delar av kristendomen blitt berande for trua, sjå til dømes diskusjon hos Marcus Borg i "Gjenoppdag kristendommen" (på norsk i 2017).

I gresk mytologi/ litteratur finst førestillinga om at rituala dei levande utfører etter dødsfallet, er avgjerande for korleis det går med sjela i dødsriket. Men også levesettet før døden påverkar etterlivet: I gresk mytologi/ litteratur finst førestillinga om straff og lønn i dødsriket. I seinare gresk/ romersk mytologi/ litteratur blir førestillinga om etterlivet utvikla frå eit hovudsakeleg kjedeleg skuggetilvære til meir valdsame straffer for dårleg levesett. Ei meir juridisk forståing av rettferd kravde straffer som stod i forhold til (eller overgjekk) feiltrinn/ synder i livet; dei som stel og lurar andre skal ikkje "sleppe unna med det". – Seinare blei mytologiske førestillingar med oppdragande siktemål (å få folk til å leve rett no) forstått som meir reelle stadar og komande pinsler.

Ehrman går inn i ei rekkje spørsmål i møte med døden:

  • Korleis kan ei sjel utan kropp kjenne smerte?
  • Skilnaden på evig straff (ein straff som inneber at ein ikkje kjem til Gud, men berre døyr) og evig pine (ein straff som inneber at ein ikkje døyr, men må kjenne kroppsleg smerte utan ende).
  • Har kvar sjel sin identitet etter døden eller går sjelene opp i ein større (guddommeleg) eining? Kjem kroppen til å bli levande att? Kva typar "oppstoda av lekamen" i den kristne truvedkjenninga? C.T.Burris og K.Bailey har sett opp alternativa for tilværet etter døden i ein tabell i artikkelen What lies Beyond: Theory and Measurement of Afterdeath Beliefs (2009): Ingen identitet og ingen kropp ("gruppesjel"); ingen identitet, men kropp (reinkarnasjon); identitet, men ingen kropp (åndeleg tilvære); identitet og kropp (kroppsleg oppstode). Det femte alternativet er utsletting; ingenting.
  • Kvar er sjela? Kviler sjela fram til Jesus kjem att (dommedag) eller går ho til Gud rett etter døden?

Sjølvsagt har Ehrman ikkje noko svar på desse spørsmåla; det er det ingen som har, men drøftinga og kjeldene er til å bli klokare av.

Ehrmans bok er retta mot den allmenne lesar, men som elles med fagleg engelsk, bør ein ha ei ordbok eller eigna app tilgjengeleg for å finne ut av enkelte ord. (Ein blir aldri utlært i engelsk. Språket har så mange ord for det same, at ein nordbuar lett kan føle seg dum.)

Utan å stille spørsmål

Gravplassen er staden der kroppen til menneske som dør i Noreg, blir teke hand om, anten i ei kiste eller som oske etter kremasjon. Den siste fysiske reisa endar på gravplassen (for alle som ikkje får oska si spreidd).

Døden reiser spørsmål, mellom anna dei Ehrman tek opp. Gravplassen derimot stiller ingen spørsmål. Gravplassen tek i mot leivningane. Gravplassen krev ikkje at ein har svar. Slik sett er gravplassen òg ein kvilestad for tankane til oss som lever: vi kan kome med leivningane etter våre kjære og leggje dei frå oss der. Om vi skulle gruble, er det døden og ikkje gravplassen om gir kløe i hovudet.

Og skulle vi kome til å arbeide med spørsmåla kring døden, er mangfaldet av uttrykk for tru og livssyn på gravplassen, ei påminning om at folk har funne ulike svar. Og skulle vi aldri finne svara på spørsmåla kring døden, tek gravplassen i mot oss uansett – når tida er inne