LEDIG STILLING:

Kyrkjegardsarbeidar/kyrkjetenar

Søknadsfrist: 15. september 2021

Leidg stilling hos Øygarden kyrkjelege fellesråd, Straume

Fast 100% stilling som kyrkjegardsarbeidar/kyrkjetenar

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Innan fellesrådsområdet er det 8 kyrkjer og 17 gravplassar. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Stillinga som kyrkjegardsarbeidar/kyrkjetenar høyrer til seksjon for kyrkjer og gravplassar, som har 11 medarbeidarar. Stillinga inneber teneste to helger i månaden.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Arbeidsoppgåver:

  • Graving og vedlikehaldsarbeid på kyrkjegardane i Øygarden.
  • Vidareutvikling av kyrkjegardane som parkmessige områder.
  • Ivareta praktisk tilrettelegging før, under og etter gudstenester, kyrkjelege handlingar og kyrkja sine mange andre aktivitetar.

Kvalifikasjonar:

  • Grøntfagleg kompetanse er ønskjeleg.
  • Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar, maskinførar eller grunnarbeidar vil bli tillagt vekt.
  • Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar vil kunne bli vurdert med utgangspunkt i dokumentert arbeidserfaring.
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
  • Krav om førarkort klasse C1E.

Personlege eigenskapar:

  • Vi ønskjer oss ein positiv, fleksibel og samarbeidsvillig medarbeidar som har praktisk forståing av kyrkjegardsdrifta, er strukturert og har evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemsskap i KLP.

Kontaktinformasjon:

Norvald Snekkevik, Seksjonsleiar kyrkjer og gravplassar, 930 70 741
Annlaug Børve, Kyrkjeverje i Øygarden, 473 04 530

Arbeidssted:

Idrettsvegen 145
5353 Straume

Søk på stillingen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.:4423630488

Stillingsprosent: 100%
Fast

Søknadsfrist: 15.09.2021

Powered by Labrador CMS